fredag 13. november 2015

Hausten 2015 og Våren 2016

Denne hausten har vert litt annerleis for oss i Blanke Messingen. I stadenfor den tradisjonelle haustkonserten har vi i år hatt basar om hausten pga 20-årsjubileumet til våren 2016. Da blir det konsert med Blanke Messingen, Dale Musikkforening og Vaksdal Musikklag. Det blir felles og kvar for seg, Dagen er lørdag den 9.april.

fredag 5. juni 2015

Sesongen er avslutta.

Årets sesong er over. Blanke Messingen avslutta sesongen med ein mini-konsert utanfor den lokal butikken vår. Joker Stamnes. Til glede for publikum. Og ikkje minst så syns vi musikantene at det var veldig kjekt og.
Litt action  vart det og når ein bil parkerte rett framfor korpset og dirigent mens ein spelte. Ikkje berre å spele rett utanfor ein butikk. :)

No er planane for hausten og våren lagt. Så det er mykje å glede seg til.

fredag 24. april 2015

Hausten 2014 og Våren 2015

Hausten 2014 fekk vi ny dirigent etter at vår tidlegare dirigent, Tor Erik Hellesen, så opp jobben som i Vaksdal Kulturskule. Vi stod da utan dirigent.  Men, til hausten fekk vi ny dirigent, Ole Kristian Bonden. Hausten hadde vi og den årlege haustkonserten som vart holden den 2.november.
I år kunne vi ikkje stille opp på Adventskonserten, men vi var med på Nissemarsjen.

Våren 2015: Denne våren har vi hatt vår årlege basar i mars. 17.mai stiller vi opp som vanleg og. Nytt av året er at vi skal ha ein sumarskonsert ved Joker Butikken vår her på Stamnes. Det er fredag den 29.mai.

onsdag 5. mars 2014

Våren 2014

Denne våren har vi til no vert med på opninga av den nye Jokerbutikken på Stamnes. Stort oppmøte.
no øver vi til den årlege basaren som skal finnast stad den 16/3 2014 på Stamnes Skule kl 16.00.
Hjareleg velkomen.

I juni skal vi har ei samabeidsprosjekt saman med Torsdagsklubben på Dale. Vi skal vere med å spele på den årlege kulturskuleavslutninga for sumaren den 11.juni. Dette kjem til å bli eit kjempebra samarbeidsprosjekt. Vi gleder oss alle saman. :)

lørdag 24. august 2013

Hausten 2013 oppstart.....

Blanke Messingen har starta opp hausten den 20.august. Og det beste er at vi har auka i antal medlemmar. Våren 2013 starta vi opp aspirantkurs for nye medlemmar. Og det er plass for enda fleire som vil delta.

Nybegynnarane har si opplæring før sjølve øvinga tar til. Vil kome tilbake med oppdatering når tidspunkta blir.

Årets program denne hausten blir haustkonsert den 10.november i tillegg til advendskonsert i Stamnes Kyrkje den 7.desember.
Når det blir Nissemarsj er enno usikker.

Meir info kjem seinare.

søndag 17. mars 2013

Basaren over...17.mai det neste

Vel overstått basar. Blanke Messingen klarte å trekke folk til seg på basaren denne gangen og til tross for fint vær ute denne søndagen, 10.mars 2013.  Ein ting er sikker, at dei som kom fekk med seg mange gevinstar og god musikk. I tillegg til kaffi og kaker/boller.

Da er det berre til å glede seg til 17.mai for både store og små. Blanke Messingen stiller framst i toget som alltid. Nokon gamle marsjer og noko nye marsjer. Og vi satser på sol og varme denne 17.mai. :)


fredag 9. november 2012

Haustkonsert er over og øving til adventskonsert i full gang,

4.november var det haustkonsert med regi av Blanke Messingen. Blanke Messingen sjølv hadde eit program på 30 minutt før andre lokale aktørar slo til. I tillegg så hadde ein besøk frå nabokommunen Voss, Bulken Ungdomskorps, med ein gjennomsnittsalder på 45 år. Jau, dei heldt seg godt, som ein seier. Kjekt å høyre på andre korps og.

Og no er det full fart mot adventskonserten, da med 2 klassiske innslag og Tir'na Noir og tradisjonelle julesongar.
Men, før det, så er det ein snarttur innom Nissemarsjen på Stamnes. I år blir det på ein torsdag, den 29.nov, pga stor fråfall i BM på den eigentlege dagen 30.nov. Så da var det flott for alle saman med godt samarbeid mellom alle aktørane som deltar på Nissemarsjen.